Kvar song ei soge

Opp gjennom hundreåra har songtradisjonen, eller kvedinga, hatt ein viktig plass i norsk kultur. Kvar song ei soge er ein film om dei som syng, som set pris på og fører desse songane vidare den dag i dag. I songen skaper folk rundt Møsvatn, høgt til fjells, tett på Hardangervidda, meiningsfulle forteljingar i og om liva sine. Songane bind saman fortid og framtid, minne og forventningar. I eit ubrote samspel fortel songen historiar og skaper historie. Slik blir kulturarven levande i kvardag og fest frå vogge til grav.

Kultur er ikkje noko gitt, men ei alltid uavslutta oppgåve. Filmen handlar om å ta vare på ein eldgamal tradisjon og å utvikle han vidare. Varmt og nært, muntert og sorgfullt blir det i Kvar song ei soge fortalt om det å høyre til, reise bort og å lengte heim. Filmen er amandanominert for beste dokumentar!

  • Program
  • Orginaltittel
    Kvar song ei soge
  • Regissør
    Aaslaug Vaa
  • Producer
    Knut Skoglund og Aaslaug Vaa
  • Manus
    Virginie Surdej, Aaslaug Vaa
  • Foto
    Virginie Surdej
  • Skuespillere
    Jon Inge Øverbø Særsland, Ragnhild Øverbø Særsland, Randi Øverbø Hove, Kjell Hove, Einar Øverbø, Inger Lien
  • Spilletid
    1 t. 11 min.
  • År
    2016
  • Land
    Frankrike/Norge
  • Aldersgrense
    Tillatt for alle år
  • Produksjon
    Villa Lofoten
  • Distributør
    Euforia